På ein WordPress-nettstad får vanlegvis ikkje kvar mediefil, som bilete, video og lyd, automatisk tildelt si eiga visningsside. Men i nokre tilfeller får dei det. For korleis mediefiler blir handtert på nettstaden kan variere avhengig av temaet, og eventuelle tillegg eller tilpassingar, som er lagt til.


Når du legg til ei mediefil i eit innlegg eller ei side, blir den vanlegvis vist der som ein del av innhaldet, og det er vanlegvis inga separat side for den spesifikke fila. Men visningsmetodane kan variere avhengig av temaet og eventuelle tillegg du har installert på nettstaden. Nokre tema eller tillegg kan tillate spesifikke oppsett der visse mediefiler kan ha eigne visningssider, men dette er ikkje standardfunksjonaliteten i WordPress.


Dersom Google har fått tak i ei lenke som fører inn til visningssida, og har indeksert den, og du ønskjer å fjerne den frå indeksen til Google, er det lettaste å bruke pluginen Yoast SEO.


Når Yoast SEO er installert, og du vil fjerne visningssidene for mediefiler frå Google sin indeks, gjer slik:

I Kontrollpanel klikk Yoast SEO > Settings > Advanced - Media pages > Slå av Enable media pages > Save changes

Neste gong Google indekserer nettstaden, om ein dag eller ei veke, blir enkeltsidene med visning av enkeltmedier fjerna. Vil du det skal skje fortare kan du installere Google Search Console og be om ny indeksering av nettstaden.