1. Sjekke tidlegare versjonar i WordPress

For å sjå tidlegare versjonar av ei side eller eit innlegg på ein WordPress-nettstad, finn fram til sida eller innlegget du vil sjå nærare på, klikk “Rediger” og velg blant ein eller fleire "Historikk" eller “Revisions" nederst i redigeringsbildet. klikk på dato og klokkeslettet for den versjonen du vil sjå nærare på:


Du vil sjå den tidlegare versjonen i kodeform, og der nyaste og eldre versjon vert vist attmed kvarandre. Vel gjenopprett eller Restore når du har funne den du vil gjenopprette.


Viss slik historikk som vist ovanfor ikkje visest, velg “Visningsinnstillinger” oppe til høgre når du er i redigeringsmodus på eit innlegg eller ei sak:



Sjekk deretter at “Revisjoner” er kryssa av, og sjekk på nytt om du ikkje ser revisjonane nederst på sida du redigerer:


Følg deretter rettleiinga øvst på denne sida.


NB! I eldre versjonar av WordPress finn du denne funksjonen under «Publisering» opp til høgre i redigeringsmodus. Kikk på "Revisjoner" eller "Historikk" der for å kunne velje mellom versjonar.


Viss du gjenopprettar ein gamal versjon, så vert også den nyaste versjonen som du erstattar lagra. Du kan dermed angre deg seinare og gjenopprette den nyaste på nytt.


Utfyllande info på engelsk:
wpbeginner.com/beginners-guide/how-to-undo-changes-in-wordpress-with-post-revisions


2. Sjekke Google sin cache

I tillegg til å sjå på revisjonar av ei nettsida og innlegg i WordPress, så er det to eksterne tenester som ofte kan vise korleis sida såg ut før:I Google, skriv t.d.:

cache:https://www.mediebruket.no/om-mediebruket/

Då får du sjå den siste cache-versjonen som Google har av sida.


3. Sjekke Wayback Machine - internettarkivet


Den andre varianten, for å kanskje finne tidlegare versjonar, er  å gå til https://web.archive.org/
og finne at same sida var cacha der 5. august 2020 kl 04.:40.58:
https://web.archive.org/web/20200805044058/https://www.mediebruket.no/om-oss/ (denne cache-varianten var utan CSS, men vanlegvis er også CSS med, slik som her frå 6. april 2013: https://web.archive.org/web/20130406142406/http://mediebruket.no/ )


4. Gjenopprette backup


For kundar som har avtale om hosting (teknisk drift) hos Mediebruket, blir det teke dagleg backup, Nettstaden kan dermed gjenopprettast i si heilheit slik det var på eit tidlegare tidspunkt. Dette må utførast av utviklarar i Mediebruket, ta kontakt på support@mediebruket.no