Google Maps Platform har endra pris- og betalingsplanane sine frå 16. juli 2018. Desse inneberer mellom anna at du  legge inn betalingsinformasjon for at kartet skal vise i det heile teke. Dette betyr ikkje nødvendigvis at du vil bli belasta. Google har lagt til ein “Transition Billing Account” med $200 i kreditt som ei midlertidig løysing slik at vi/de kan få tid til å legge til ein betalingskonto.


Gratis kreditt

Etter at du har registrert din betalingsinformasjon får du $200 per månad i kreditt frå Google Maps Platform. Dette dekker 28 000 førespurnader/besøkande i månaden frå nettstader som brukar dynamiske Google-kart, noko som tilsvarer om lag 900 daglege førespurnader. Dynamiske Google-kart er for nettstader som viser kart ved å bruke ein Maps JavaScript API. Det er dette vi brukar når vi legg inn nøkkelen i Enfold-innstillingane. Denne API-nøkkelen må vere unik for kvar nettstad, og det må derfor opprettast ein ny API-kode (kan opprettast fleire API-nøklar innanfor same prosjekt) for kvar nye nettstad ein lagar som skal vise kart.


OBS: Kreditten blir gitt per betalingskonto, ikkje per prosjekt. Vi anbefalar derfor at de koplar til kundens betalingsinformasjon på deira prosjekt, og at kunden gjerne opprettar prosjektet med sin e-postkonto. Viss ikkje dekker desse 900 visningar per dag på alle nettstader de har produsert.


Embed SKU (Maps Embed API) VS. Dynamic Map SKU (Maps JavaScript API)

Embed SKU (kart i iframe) kan ein bruke for å vise kart med ein markør for å vise f.eks. eit kontorlokale. Embed SKU er ubegrensa i bruk, og er derfor alltid gratis.


Embed SKU refers to a basic Maps Embed API request that uses map or a map with a marker (not including the Directions mode, Street View mode, or Search mode). These requests are free of charge.”



Dynamic Map SKU er det vi no har brukt gjennom Enfold. Dette er som tidlegare nemnd gratis inntil 28 000 visingar i månaden. Dersom du koplar alle kundane sine API-nøklar/prosjekt til din betalingskonto og samstundes skal bruke Dynamic Map SKU kan det hende at grensa på 28 000 visingar ikkje vil vere dekkande for alle kundane sine nettstadar. Derfor må ein A: Kople kunden sin betalingskonto på API-nøkkelen og framleis bruke Dynamic Map SKU eller B: Kople kunden sitt prosjekt til din betalingskonto men skifte til Embed SKU for å unngå å måtte betale.


Dynamic Map SKU refers to a web page or application that displays a map using the Maps JavaScript API. A map is created with the google.maps.Map() class. Any user interactions with the map, such as panning, zooming, or switching map layers, do not generate additional map loads. The creation of a Street View panorama is no longer charged as a map load, it is charged as a “Dynamic Street View”.”


OBS: Hugs å logg på Google-kontoen din før du gjer noko av det som står nedanfor:


Opprette ny Maps Embed API


Opprette ny Maps JavaScript API-nøkkel, steg for steg

  1. Klikk på “Get started” på denne nettsida

  2. Vel produkt Maps

  3. Lag eit nytt prosjekt

  4. Legg inn betalingsinformasjon (opprett ein betalingskonto om du ikkje har dette frå før). Dersom du ikkje har betalingskonto, sjå neste punkt.


Opprette ny betalingskonto

  1. Gå først til denne sida

  2. Klikk “Add billing account”

  3. Følg stega



Kople betalingskonto til eksisterande prosjekt

  1. Gå først til denne sida (Manage Billing Accounts)

  2. Vel fana “My Projects” 

  3. Under “Actions” kan du velje å endre betalingskonto.

  4. Sett betalingskonto når du har gjort dette



Begrens førespurnader per dag, steg for steg

For å unngå risikoen for å betale for kartvisningar over 28 000 visningar i månaden kan ein begrense førespurnader per dag til 900 visningar. Etter dette vil ikkje kartet bli vist, men ein garanterer då at ein ikkje må betale for det. Dei fleste av nettstadane vi hostar har ikkje så mange besøkande som dette, og det er derfor liten risiko for at det skjer uansett. Slik begrenser du tal moglege førespurnader steg for steg:


  1. Gå inn her og vel eit prosjekt du ønskjer å begrense. Du kan også opprette eit nytt prosjekt. (Hugs at du må ha lagt inn betalingsinformasjon før du gjer dette.)

  2. I boksen med tittelen “Map loads” vel du “Map loads per day” til høgre og klikker på blyanten for å redigere.

  3. Skriv inn 900 (Dersom du har fleire prosjekt kopla til same betalingskonto skal desse til saman utgjere 900 dersom du ønskjer å unngå risikoen for betaling). Du kan ikkje skrive meir enn 1 her med mindre du har lagt til ein betalingskonto, og kopla betalingskontoen til prosjektet ditt.