Viss du har tenkt å opprette mange skjema via Gravity Forms på nettstaden, så kan du lage ein skjemamal som gjer det lettare og raskare å setje opp kvart skjema.

Eller du kan importere vår skjemamal, sjå lenke lenger nede.


Opprette eigen skjemamal


Om du har ENGELSK som språk på Gravity Forms-modulen, gjer slik:
(for å endre til norsk, sjå lenger nede: Endre språk i Gravity Forms frå ENGELSK til NORSK BOKMÅL


  1. Gå til Forms i Kontrollpanelet.

  2. Lag eit enkelt standardskjema med t.d. namn, epost, telefon og fritekstfelt.

  3. Når du er inne og redigerer skjemaet, så hugs følgjande under Settings (står midt på, oppe på sida nedanfor Gravity Forms-logoen)  > Notifications > Admin Notification (epostmeldinga som du når nokon sender inn skjema). klikk Edit.

    Send To Mail: Di epostadresse

    From Email: ikkjesvar@nettstad.no
    (det er korrekt at adressa skal vere ikkjesvar@nettstad.no, ikkje endre det. Dette er fordi domenet nettstad.no er kvitlista, dvs. at det er mindre sjanse for at eposten blir flagga som spam.)

    Reply To: klikk på {··} oppe til høgre over feltet. Vel et skjemafeltet som heiter Email eller tilsvarande. Då vert det sett inn ein kode, t.d. {Email:5}
    (dette er epostadressa til den som har sendt inn skjemaet, og som kjem i Til-feltet om du svarar på skjemaoppføringa når den kjem i innboksen din.)
    Lagre, klikk: Update Notification.

  4. Viss du vil setje opp ein epost som innsendaren skal få som stadfesting, gjer slik:
    Setting (står midt på, oppe på side nedanfor Gravity Forms-logoen)for  > Notifications > Add New.

    Under Send To klikk Select a Field. Deretter: Klikk på feltet Select a Email Field og vel Email (eller tilsvarande).

    From Name: Skriv inn ditt eller di bedrift di/organisasjonen din sitt namn.

    From Email: ikkjesvar@nettstad.no
    (skriv det nøyaktig slik)

    Reply To: Di epostadresse

    I det nederste store feltet, Message, skriv ein tekst på norsk. Dette er den meldinga innsendaren får til sin epost, gjerne då ei stadfesting på at de har motteke skjemaet vedkomande har sendt inn.
    Legg gjerne til: 

    Her er det du har sendt oss:
    {all_fields}

    Då blir alle felta innsendar har fylt ut også sendt som stadfesting på epost til vedkomande.

    Lagre, klikk: Update Notification

  5. Legg eventuelt deretter inn norske tekstar under Bekreftelser og Epostmeldinger, og deretter gå til Skjemaer > Import/Eksport > Eksporter skjemaer - Velg et skjema og vel det du har oppretta som ein mal.

  6. Den fila som du då lastar ned til maskina di kan du importere ein annan stad, eller på same nettstad, ved å gå til Skjemaer > Import/Eksport > Importer skjemaer  osv. Då følgjer alle innstillingane og tekstane med.

  7. Hugs også alltid å teste skjema og sjå at du får svar til den epostadresse du legg inn i skjemaet når du agerer "kunde", og at du får melding til den eposten du har lagt inn som mottakar hos dykk.

  8.  Når du har laga malen kan du bruke den til å lage nye skjema, Kontrollpanel > Forms > hald musepeikar over skjemaet du vil kopiere > klikk Duplicate. Deretter kan du redigere kopien som du vil.



Om du har NORSK BOKMÅL som språk på Gravity Forms-modulen, gjer slik:

  1. Gå til Skjemaer i Kontrollpanelet.

  2. Lag eit enkelt standardskjema med t.d. namn, epost, telefon og fritekstfelt.

  3. Når du er inne og redigerer skjemaet, så hugs følgjande under Innstillinger (står midt på, oppe på sida nedanfor Gravity Forms-logoen) > E-postmeldinger > Admin Notification (epostmeldinga som du når nokon sender inn skjema). Klikk Rediger (Edit).

    Send To Mail: Di epostadresse

    Fra e-post: ikkjesvar@nettstad.no
    (det er korrekt at adressa skal vere ikkjesvar@nettstad.no, ikkje endre det. Dette er fordi domenet nettstad.no er kvitlista, dvs. at det er mindre sjanse for at eposten blir flagga som spam.)

    Svar til: klikk på {··} oppe til høgre over feltet. Vel et skjemafeltet som heiter Epost eller tilsvarande. Då vert det sett inn ein kode, t.d. {E-post:5}
    (dette er epostadressa til den som har sendt inn skjemaet, og som kjem i Til-feltet om du svarar på skjemaoppføringa når den kjem i innboksen din.)
    Lagre, klikk: Oppdater e-postmelding.

  4. Viss du vil setje opp ein epost som innsendaren skal få som stadfesting, gjer slik:
    Innstillinger (står midt på, oppe på side nedanfor Gravity Forms-logoen)for  > E-postmeldinger > Legg til ny

    Under Send To Field klikk Velg et felt. Deretter: Klikk på feltet Velg et felt av typen E-post og vel Epost (eller tilsvarande).

    Fra navn: Skriv inn ditt eller di bedrift di/organisasjonen din sitt namn.

    Fra e-post: ikkjesvar@nettstad.no
    (skriv det nøyaktig slik)

    Svar til: Di epostadresse

    I det nederste store feltet, Melding, skriv ein tekst på norsk. Dette er den meldinga innsendaren får til sin epost, gjerne då ei stadfesting på at de har motteke skjemaet vedkomande har sendt inn.

    Legg gjerne til: 

    Her er det du har sendt oss:
    {all_fields}

    Då blir alle felta innsendar har fylt ut også sendt som stadfesting på epost til vedkomande.

    Lagre, klikk: Oppdater e-postmelding

  5. Legg gjerne deretter inn norske tekstar under Bekreftelser og Epostmeldinger, og deretter gå til Skjemaer > Import/Eksport > Eksporter skjemaer - Velg et skjema og vel det du har oppretta som ein mal.

  6. Den fila som du då lastar ned til maskina di kan du importere ein annan stad, eller på same nettstad, ved å gå til Skjemaer > Import/Eksport > Importer skjemaer  osv. Då følgjer alle innstillingane og tekstane med.

  7. Hugs også alltid å teste skjema og sjå at du får svar til den epostadresse du legg inn i skjemaet når du agerer "kunde", og at du får melding til den eposten du har lagt inn som mottakar hos dykk.

  8.  Når du har laga malen kan du bruke den til å lage nye skjema, Kontrollpanel > Skjemaer > hald musepeikar over skjemaet du vil kopiere > klikk Dupliser. Deretter kan du redigere kopien som du vil.



Bruke Mediebruket sin skjemamal


Du kan bruke malen vi har oppretta, men du må likevel sjølv endre felta i epostane som går til dykk og innsendar ved å følgje rettleiingane ovanfor.

Malen har følgjande felt: Namn, Adresse, Postnr./poststad, E-post, Telefon, Melding. Namn og Epost er sett opp som "Påkrevd". Etter at du har importert den kan du endre felta som du vil, slette dei du ikkje treng og legge til nye, og endre tekstane.

Last ned:
Nynorskversjon: Gravity-Forms_Skjemamal_NYNORSK.json
Bokmålsversjon: Gravity-Forms_Skjemamal_BOKMAL.json

For å importere, sjå punkt 6. og 7. ovanfor.

Under Innstillinger / Settings er notifikasjonane på skjerm og epost delvis innstilt, men du må legge inn di epostadresse. Sjå rettleiingane ovanfor.


I utlistinga av Skjemaer / Forms, sjå til at skjemaet ditt er Aktivt. (Klikk på Inaktivt, viss det har den statusen).


Ikkje bruk Enfold sitt innebygde skjema


Om du er kunde hos Mediebruket og brukar Enfold som WordPress-tema, så ikkje bruk den innebygde skjemageneratoren for å setje opp skjemaet. Den fungerer ikkje så bra, og oppføringane (innsendte data) blir ikkje lagra. Bruk i staden alltid den kraftige skjemageneratoren Gravity Forms som er inkludert i alle pakkene frå Mediebruket. Der kan du setje opp stadfestingar til innsendar på nettsida, på epost osv. I tillegg blir innsendte data lagra og kan eksporterast, sjå: Gravity Forms - Eksportere data.



Endre språk i Gravity Forms frå ENGELSK til NORSK BOKMÅL

Om systemspråket i Gravity Forms er på engelsk (om det står Forms i Kontrollpanelet), og du ønskjer å ha det på norsk, er det kun bokmål som er tilgjengeleg, og ikkje nynorsk dessverre. Om Kontrollpanelet er stilt inn på å vere nynorsk, så vel Gravity Forms automatisk engelsk som sitt systemspråk. Dette kan du endre ved å endre systemspråket for heile nettstaden til Norsk Bokmål, slik:

Om kontrollpanelet er på nynorsk og du vil endre til norsk bokmål:
Kontrollpanel > Innstillingar > Generelt > Språk på nettstaden > Norsk bokmål > Lagre


Om kontrollpanelet er på engelsk og du vil endre til norsk bokmål:
Kontrollpanel > Innstillingar > Generelt > Språk på nettstaden > Norsk bokmål.