Når du har logga inn og er komt til kontrollpanelet går du til medlemmer > alle medlemmer > trykk på bedrifta di for å redigere. 


1. Start med å skrive inn ein beskrivelse av bedrifta di


Som i andre tekstredigeringsprogram markerer du tekst og trykker på dei respektive ikona for å få bold, kursiv, punktmerker osv. For å legge til lenke markerer du teksten du vil skal vere aktiv og trykker på lenke-ikonet (ikon nummer fire oppe frå høgre). For å legge inn bilder i tekstfeltet trykker du på "Legg til media" og laster bildet opp frå datamaskina di. NB: Om du har skreve teksten i Word eller andre tekstprogram i forkant og skal lime dette inn på nettsida, går du til fana "Tekst" og limer inn der. På denne måten vert teksten "rensa" for alle formateringar som følger med frå Word. Når det er gjort kan du gå tilbake til fana "visuell" og endre. 




 










2. Vidare skriv du inn ein ingress: 

Slik ser det ut på "baksida":

 Slik ser det ut på "framsida":










3. Legg til samarbeidspartnarar, liknande bedrifter e.l. 

Skriv inn tittel og trykk på bedriftene du ønskjer å legge til på sida di. Viss du trykker feil held du musepeikaren over bedrifta i kolonna til høgre (der "bedrift a" og "bedrift b" står på bildet under) og trykker på - teiknet.



 










4. Legg inn referansar



Skriv inn tittel på referansebedrifta og beskrivelse. Trykk på "Add image" for å legge inn logo > last opp logoen til referansebedrifta fr datamaskina di:



Trykk på "add row" for kvar nye referanse du vil legge til. 


  Resultat:











5. Legg inn logo. Last opp frå datamaskina di.











6. Legg inn kontaktperson og link til nettside




 Resultat:










7. Last opp "Fremhevet bilde"

Dette er bildet som viser heilt øverst på nettsida. Last opp frå datamaskina di. Du finn feltet "fremhevet bilde" nede til høgre. 












8. Velg kva bransje du tilhøyrer og stad. 

Huk av i lista, eller legg til ein ny bransje ved å trykke på "Legg til ny kategori". Vel gjerne ein relevant foreldrekategori slik at det vert oversiktleg for andre. 





 










Trykk "Forhåndsvis endringer" oppe til høgre for å sjå resultatet. Når du er fornøgd trykker du på "Oppdater" oppe til høgre, då blir endringane dine synlege for alle. 


Du vel sjølv kva modular du vil ta i bruk. Om du vel å ikkje legge inn f.eks. samarbeidspartnarar, så vil ikkje denne modulen vise på bedriftsida di. 


Lukke til!